top of page

“Å kunne melde at 1. opplag diverre vart rive bort, er eit godt marknadsføringstriks i seg sjølv”

IVAR MORK, FORFATTAR AV REISEGALSKAP 1, REISEGALSKAP 2 OG DESSE MINE MINSTE… FONNA.


IVAR MORK

Forfattarskapen min byrja eigentleg på Facebook med reisebrev i sanntid frå dei mange danningsreisene eg har gjort dei siste 10 åra – til reisemål utanom allfarveg kring om i verda. Desse reisebreva vart svært populære, og det kom sterke ynskje frå dei mange som fylgde reisene mine frå dag til dag om å få reisebreva i bokform.

Eigne val på eige forlag

Eg tok det for gitt at ikkje noko forlag ville finne det kommersielt interessant å gi ut så smal litteratur, til og med på nynorsk, så eg sette i gang med å finne ut korleis eg best og rimelegast kunne gi ut på eige forlag. Det vil seie redigere og foredle originaltekstane til bokform, finne ein høveleg illustratør, ein dugande grafisk designer og eit trykkeri.

Det er ein fordel å kunne hyre litteratur- og språkkyndige i venekrinsen sin, både til prøvelesing og til korrektur. Dette er kostbare tenester om ein må hyre inn profesjonelle.

Opplagstal og sal

Som neste steg måtte eg setje opp ein kalkyle over utgifter og pårekna inntekter ved ulike opplagstal. Dette er det vanskelegaste, sidan ein i utgangspunktet ikkje kan vite kor mange bøker ein kan rekne med å selje gjennom kanalar som Facebook, e-postlister, lokale bokhandlar, bibliotek, bokslepp, handverksmesser, lokale marknadsdagar, avisomtalar, personleg ry som skribent osv. Difor er det betre å vere varsam med storleiken av 1. opplag. Det er relativt rimeleg å trykke eit nytt opplag, og å kunne melde at 1. opplag diverre vart rive bort, er eit marknadsføringstriks i seg sjølv.

Eg har til no gitt ut tre titlar, og det har gått så bra at det kjem nye titlar både neste år og året etter. Å gi ut på eige forlag, er på den eine sida ein kalkulert risiko, men på den andre sida kan ein hauste alt overskotet sjølv. I mitt tilfelle har break-even vore nådd ved om lag 100 selde bøker til full pris. Det tek gjerne 2-3 veker. Deretter er resten av opplaget så og seie rein netto.

Ny roman – ei tidsreise: Desse mine Minste… Fonna

Siste tittelen min er ein roman, ein fiksjon bygd på ein faktisk raskatastrofe for meir enn 200 år sidan. På sett og vis er også dette ei reisebok – ei tidsreise. Eg har arbeidd med denne boka i 6 år, og det vil krevje minst eitt band til for å fullføre historia. Boka har fått svært gode tilbakemeldingar frå lesarane, som ventar i spaning på framhaldet. På det viset er salet av neste bok i serien mykje godt sikra.

Mest for pengane kvar gong

Etter å ha høyrt meg litt om med omsyn til trykkeri og henta inn fleire tilbod i høve fyrste boka mi, fall valet mitt på AIT Grafisk. Det har eg ikkje angra på. For kvar ny tittel har eg henta inn nye tilbod, men AIT Grafisk har gitt meg mest for pengane kvar gong. Trykkeriet er ikkje alltid billegast, men faglege råd, kort trykketid, høg servicegrad og 100 % pålitande er det som gir eit optimalt, økonomisk resultat til slutt.










Siste innlegg

Se alle

コメント


bottom of page