top of page

“Dalsidefolket representerer ikkje noko historielag, men stoffet er av lokalhistorisk interesse. ”

ODDBJØRN EINBU, REDAKTØR AV DALSIDEFOLKET


ODDBJØRN EINBU

Eg har ikkje gjeve ut bøker tidlegare. Og Dalsidefolket, som eg starta i 2013, er berre ein artig pensjonisthobby, der eg kjem i kontakt med mange likesinna som er glade i dette fjellområdet.

Om Dalsida

Dalsida er eit stort fjell-og naturområde i Lesja kommune i Gudbrandsdalen, med mange kulturminne frå seterliv, jakt og fiske.

Eg er født og oppvaksen på Lesja (f.1948), er utdanna sivilingeniør frå NTH, og bur på Dombås. Men eg har hytte på Dalsida. Og brukar difor området aktivt til friluftsliv både sommar og vinter.

Det er mange som er oppvakse på Lesja, eller som har slekt frå her, som har mange gode minne frå jakt-og fisketurar frå Dalsida. Mange har flytta frå bygda, men har fortsatt sterk tilknyting til området.

Dalsidefolkets historie

Dalsidefolket starta med at eg utveksla bilde frå Dalsida på e-post med venner eg visste hadde tilknyting til Dalsida, og starta da e-postgruppa "Vi som er glade i Dalsida".

Etter kvart fekk eg også tilsendt forteljingar frå deltakarane frå jakt-og fisketurar, eller frå dei som hadde opplevd seterlivet på Dalsida. Ved hjelp av jungeltelegrafen har nå etter kvart e-postgruppa fått 340 deltakarar, og eg har hittil fått tilsendt tilstrekkeleg med tekst og bilde frå dei til å lage denne e-postavisa.

Eg samlar og redigerer bidraga og lagar ein Dalsidefolket-PDF som e-postavis på ca. 10 A4-sider, som eg sender ut i perioden oktober til juni kvart år. Dalsidefolket representerer ikkje noko historielag, men ein del av stoffet som blir publisert der er absolutt av lokalhistorisk interesse.

Frå digitalt til trykk

Når eg har publisert e-aviser tilsvarande ca. 200 A4-sider, samlar eg desse og trykker dei opp som ei bok. Så langt er 6 bøker («årbøker») utgjeve. Alle har tittelen Dalsidefolket.

Opplaget er på ca. 150 bøker, og 90% er forhåndsbestilt av medlemene i e-postgruppa. Resten er til eige bruk eller til gåver. Det er gratis å få Dalsidefolket som e-postavis, men boka kostar kr. 250,-

Ansvarleg redaktør

Som redaktør av Dalsidefolket er eg heilt avhengig av bidrag frå dei andre i e-postgruppa, sjølv om eg også produserer noko stoff sjølv. Gruppa består nå av 340 personar, og av desse er omlag 50 aktive bidragsytarar. Men eg styrer sjølv fullt og heilt det som blir publisert. Eg trur det er viktig at eg som redaktør har ein fortløpande dialog med bidragsytarane. Når ei sak blir publisert, kjem det til neste nummer ofte inn kommentarar med fleire opplysningar.

Når eg skal trykke opp bøkene leverer eg PDF-filer til trykkeriet, som set desse opp i bokform. Det er dei same e-postavis filane som eg sender ut gjennom sesongen. Eg har berre gode erfaringar med AIT Grafisk. God service, informasjon og kvalitet, og rask levering. Eg kan absolutt anbefale AIT Grafisk til andre.



Ønsker du å medlem av e-post gruppa "Vi som er glade i Dalsida" og få tilsendt gratis epost-avis og muligheter til å kjøpe årbøkene, kontakt Oddbjørn Einbu på oddbjorneinbu@gmail.com


Siste innlegg

Se alle
bottom of page